Helgatun Fjellpensjonat

På Helgatun er du velkomen heile året, enten du er ung eller eldre, treng kvile og avkopling eller søkjer naturopplevingar og aktivitet. Hjå oss kan du kort sagt finna inspirasjon for både kropp og sjel i eit kristent, alkoholfritt miljø.

Frå Helgatun

Helgatun høver godt for ...

  • familiegrupper
  • Tyttebær
  • kurs
  • leirar
  • ferieopphald
  • retreat
  • dagsturar
  • lagsweekendar
  • eldretreff
  • bussgrupper m.m.

Kontakt oss for meir informasjon. Helgatun-atmosfæren må berre opplevast!

Eigar av Helgatun er Indremisjonssamskipnaden (krins i Indremisjonsforbundet), og plassen vert driven som leirplass og pensjonat. Me tek i mot ulike grupper til kurs, weekendar, selskap, eldretreff og andre arrangement for alle aldersgrupper. Me er ein røyk- og alkoholfritt serverings- og overnattingsstad.


Korleis finn du oss?

Helgatun ligg i Myrkdalen 32 km. frå Voss langs RV 13 mot Vikafjellet. Våre næraste naboar er Voss Fjellandsby og Myrkdalen Fjellheisar.

Lysløypa og skisskyttararenaen i Årmotslia ligg og like ved. Flotte naturopplevingar sommar og vinter.


Me kan tilby:

  • 27 rom, alle med dusj og toalett
  • Møte-/konferanserom for 100
  • Stor lun peisestove og salong
  • God heimelaga mat
  • Aktivitetsrom og leikerom
  • Godt AV-utstyr
  • Stor parkeringsplass
  • Skitrekk i nærområdet
  • 200 m til ljosløype
  • Klatrevegg og andre leikeapparat
  • Turområde for alle behov

Kontaktinformasjon