Vossestrand Hotel & Appartement

Vossestrand Hotel ligg rett ved Voss Fjellandsby. Vossestrand Hotel er eit triveleg og moderne hotell. Hotellet har akkurat vore igjennom ei omfattande oppgradering. Hotellet framstår no som eit nytt bygg med høg standard.

Frå Vossestrand Hotel og Appartement

Vossestrand Hotel ligg 450 meter over havet 30 km frå Voss. Hotellet ligg vakkert og lett tilgjengeleg til ved riksvegen like ved Voss Fjellandsby.

Frå hotellet er det råd å ta turar både sommar som vinter, alt frå ski- til sopp- og bærturar. Hotellet ligg ved foten av Stølsheimen.

Om vinteren kan området rett ved hotellet by på ski in - ski out alpinanlegg med alle løypekategoriar.

Her finn du preparerte løyper rett utanfor døra. Skiskytterarenaen er av internasjonal standard, og lysløype og hoppbakke finst like i nærleiken. Hotellet ligg i det mest snøsikre området på Vestlandet.

I sommarsesongen kan dei som likar hestesport, nytta seg av eit ridesenter like ved. Det finst også aktivitetar for deg som likar ekstra spenning. Du kan velgja å bruka dagen til rafting og paragliding.

Er du jeger eller fiskeentusiast, finn du fort gleda i naturen rundt. Nærøyfjorden, som er oppført på UNESCOs verdsarvliste, finn du ei halv time unna. Her kan du oppleva noko av det flottaste norsk natur kan by på.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller booking.

Hjarteleg velkomen til oss!



Info og booking: