Myrkdalen Ungdomslag

Myrkdalen ungdomslag vart skipa i 1904, og ungdomshuset bygd i 1928.Myrkdalen Ungdomshus

Laget har utgifter knytt til drift og vedlikehald av ungdomshuset.

Dugnadsånda i dalen er god, og gjennom aktivitetar som påskemarknad, vårfest og haustfest klarar laget å finansierera førefallande og faste utgifter.

Dei siste åra har ungdomslaget hatt mykje oppussingsarbeid i ungdomshuset. Mykje har vorte gjort, og det er framleis mykje som må gjerast. Bygdafolket er flinke til å stilla opp på dugnad, og andre lag og organisasjonar i Myrkdalen er flinke til å støtta ungdomslaget økonomisk, slik at denne type oppussing kan gjennomførast. Ein stor takk til dei!

Scenedøra i ungdomshusetDet er mogeleg å leiga undomshuset til ymse arrangement.

Utleigeprisane er:

  • Ein etasje (+toalett): 800 kr (Utvask 800 kr)
  • Heile huset: 1 500 kr (Utvask: 1 500 kr)
  • Møte (og liknande): 200 kr

Ta kontakt med Karina Tveite på telefon 48 24 73 42 om de ynskjer å leiga ungdomshuset, eller har spørsmål om utleige. 

Styret

  • Leiar - Karina Tveite
  • Kasserar - Ingri Mørkve
  • Skrivar - Simianne Jordalen
  • Styremedlem - Geir Lirhus, Gunn Hirth og Simianne Jordalen