| Startsida | Om Myrkdalen | Grendalaget | Byggjefeltet | Kommunedelplan | Næringsliv | Annonsørar | Fritid | Foto| Søk |

Vedtekter for Myrkdalen Grendalag

Årsmelding 2011

Startsida > Myrkdalen Grendalag

Myrkdalen Grendalag

Myrkdalen Grendalag vart skipa 13. april 2011 på eit ope møte for alle som bur i Myrkdalen.

Opptakten til dette møtet var årsmøtet i Samstyret for Myrkdalen 28. februar. Dette møtet gjekk inn for å leggja ned Samstyret, tilpassa vedtektene og skipa Myrkdalen Grendalag.

Tolv personar møtte fram.

Framlegg til vedtekter vart lagt fram og godkjent.

Styret i Grendalaget vart vald på skipingsmøtet:

Leiar: Gudmund Furu
Kasserar: Asbjørn Tveite (vald for 1 år)
Arne Bystøl
Maria Petterson (vald for 1 år)
Sigrid Skjervheim

Varafolk: Lars Ove Sausjord og Kristian Backer

Valnemnd: John Ivar Norheim (1 år) og Kjetil Skjervheim (2 år)

Styret skal konstituera seg på det første styremøtet 18. mai
På møtet vart dei frammøtte delte i tre grupper som kom med framlegg om konkrete arbeidsoppgåver for styret.


Tidlegare organisasjonar

Sist oppdatert 21.02.2012

Myrkdalen Grendalag
E-post til redaktør: post@myrkdalen.org

 

Startside