| Startsida | Om Myrkdalen | Grendalaget | Byggjefeltet | Kommunedelplan | Næringsliv | Annonsørar | Fritid | Foto| Søk |

 

Startsida > Næringsliv > Jordbruk

Jordbruk

I Myrkdalen vert det drive husdyrhald på dei bruka som er i drift. Jorda gjev gode grasavlingar og her er gode fjellbeite.

Høying i gamle dagarDen viktigaste produksjonen er mjølkeproduksjon, men det vert og drive ein god del med sau og noko storfekjøtproduksjon. Pr. i dag er det 29 bruk som driv med husdyrhald, 9 av dei er med i samdrifter.

Det dyrka arealet i dalen er på 2365 da. Mjølkebruka har ein samla kvote på vel 1.526.000 liter, og årleg vert det sleppt til fjells om lag 1250 sauer og lam.

I fjella rundt dalen har gardsbruka 17 stølar, men ingen av desse er lenger i tradisjonell drift.

Dalen har mykje lauvskog, og det vert drive ein del vedproduksjon. Her finst og noko planta gran som etter kvart no vert hogstmogen.

Sauer på beite

 

 

Sist oppdatert

Myrkdalen Grendalag
E-post til redaktør: post@myrkdalen.org

03.05.2011

Voss kommune har støtta etablering av denne nettstaden!

Startside